Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 11:29-40 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

29. Då kom Herrens Ande over Jefta, og han fór gjennom Gilead og Manasse og heilt til Mispa i Gilead; derifrå drog han ut mot ammonittane.

30. Og Jefta gav Herren ein lovnad og sa: «Gjev du ammonittane i mi hand,

31. så skal den fyrste som går ut gjennom husdøra mi og møter meg når eg kjem velberga heim att frå striden med ammonittane, høyra Herren til. Eg skal bera han fram som brennoffer.»

32. Så drog Jefta ut og stridde mot ammonittane, og Herren gav dei i hans makt.

33. Han slo dei og tok landet frå Aroer til bort imot Minnit, med tjue byar, og alt til Abel-Keramim. Det vart eit stort mannefall, og ammonittane laut bøya seg under israelittane.

34. Då Jefta kom heim att til Mispa, gjekk dotter hans ut imot han med handtrommer og dans. Ho var einaste barnet hans; utanom henne hadde han korkje son eller dotter.

35. Med det same han fekk sjå henne, reiv han sund kleda sine og ropa: «Å, dotter mi, for ei sorg du valdar meg, for ei ulukke du fører meg i! Eg har gjeve Herren ein lovnad, og eg kan ikkje ta att ordet mitt.»

36. Då sa ho til han: «Far, har du gjeve Herren ein lovnad, så gjer med meg som du har sagt, sidan Herren lét deg få hemn over ammonittane, uvenene dine.

37. Men éin ting ville eg gjerne at du gav meg lov til,» sa ho til far sin. «Lat meg få vera fri i to månader, så eg kan gå ikring på fjella med veninnene mine og gråta over mitt unge liv, eg som lyt fara herifrå som møy.»

38. «Gjer så!» sa faren, og lét henne vera borte i to månader. Så gjekk ho på fjella med veninnene sine og gret fordi ho laut døy så ung.

39. Men då dei to månadene var lidne, kom ho heim att til far sin, og han gjorde med henne det som han hadde lova. Ho hadde aldri vore nær nokon mann. Sidan har det vore sed i Israel

40. at unge jenter, fire dagar om året, går ut og syng klagesongar til minne om dotter til Jefta frå Gilead.

Les hele kapitlet Dommarane 11