Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 11:26-33 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

26. No er det tre hundre år sidan Israel busette seg i Hesjbon og byane der ikring, i Aroer og byane der ikring og i alle byane langsmed Arnon. Kvifor har de ikkje teke dei att i heile denne tida?

27. Eg har ikkje gjort deg noko vondt; men du gjer meg stor urett når du no tek på meg. Herren, som er domaren, skal i dag døma mellom israelittane og ammonittane.

28. Men ammonittkongen ville ikkje høyra på det sendemennene frå Jefta sa til han.

29. Då kom Herrens Ande over Jefta, og han fór gjennom Gilead og Manasse og heilt til Mispa i Gilead; derifrå drog han ut mot ammonittane.

30. Og Jefta gav Herren ein lovnad og sa: «Gjev du ammonittane i mi hand,

31. så skal den fyrste som går ut gjennom husdøra mi og møter meg når eg kjem velberga heim att frå striden med ammonittane, høyra Herren til. Eg skal bera han fram som brennoffer.»

32. Så drog Jefta ut og stridde mot ammonittane, og Herren gav dei i hans makt.

33. Han slo dei og tok landet frå Aroer til bort imot Minnit, med tjue byar, og alt til Abel-Keramim. Det vart eit stort mannefall, og ammonittane laut bøya seg under israelittane.

Les hele kapitlet Dommarane 11