Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 11:21-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Men Herren, Israels Gud, gav Sihon og heile hæren hans i hendene på israelittane. Israel slo dei og la under seg landet åt dei amorittane som budde der.

22. Heile amorittlandet la dei under seg, frå Arnon til Jabbok og frå øydemarka til Jordan.

23. Såleis dreiv Herren, Israels Gud, amorittane bort og gav landet til Israel, folket sitt. Og no vil du ta det frå dei!

24. Er det ikkje så at det som Kamosj, guden din, lèt deg vinna, det legg du under deg, og alt det som Herren vår Gud lèt oss vinna, det legg vi under oss?

25. Er du så mykje betre enn Balak Sipporsson, moabittkongen? Gjekk han til strid mot Israel? Tok han på dei?

26. No er det tre hundre år sidan Israel busette seg i Hesjbon og byane der ikring, i Aroer og byane der ikring og i alle byane langsmed Arnon. Kvifor har de ikkje teke dei att i heile denne tida?

27. Eg har ikkje gjort deg noko vondt; men du gjer meg stor urett når du no tek på meg. Herren, som er domaren, skal i dag døma mellom israelittane og ammonittane.

28. Men ammonittkongen ville ikkje høyra på det sendemennene frå Jefta sa til han.

29. Då kom Herrens Ande over Jefta, og han fór gjennom Gilead og Manasse og heilt til Mispa i Gilead; derifrå drog han ut mot ammonittane.

Les hele kapitlet Dommarane 11