Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 11:14-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Endå ein gong sende Jefta bod til ammonittkongen

15. med dei orda: Så seier Jefta: Israel har ikkje teke landet frå moabittane eller ammonittane.

16. På vegen frå Egypt fór israelittane gjennom øydemarka til Sevsjøen, og dei kom til Kadesj.

17. Då sende dei bod til kongen i Edom og sa: «Lat oss få fara gjennom landet ditt!» Men kongen høyrde ikkje på dei. Til Moab-kongen sende dei òg bod. Men heller ikkje han ville høyra på dei. Så gav israelittane seg til i Kadesj.

18. Då dei sidan heldt fram gjennom øydemarka, fór dei utanom Edom og Moab. Dei drog nordetter aust for Moab og leira seg på hi sida av Arnon. Dei kom ikkje inn på Moabs grunn, for Arnon er grensa mot Moab.

19. Så sende israelittane bod til kongen i Hesjbon, amorittkongen Sihon, og sa til han: «Lat oss få fara gjennom landet ditt, så vi kjem dit vi skal.»

20. Men Sihon trudde ikkje Israel så vel at han torde la dei fara gjennom landet sitt. Han samla heile hæren sin. Dei leira seg ved Jahsa, og så gjekk han til strid mot Israel.

21. Men Herren, Israels Gud, gav Sihon og heile hæren hans i hendene på israelittane. Israel slo dei og la under seg landet åt dei amorittane som budde der.

22. Heile amorittlandet la dei under seg, frå Arnon til Jabbok og frå øydemarka til Jordan.

Les hele kapitlet Dommarane 11