Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 1:28-36 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

28. Då israelittane vart sterkare, tvinga dei kanaanearane til å arbeida for seg, men dei dreiv dei ikkje ut.

29. Efraim dreiv ikkje ut kanaanearane som budde i Geser. Kanaanearane vart buande der mellom dei.

30. Sebulon dreiv ikkje ut dei som budde i Kitron og Nahalol. Kanaanearane vart buande mellom Sebulons-sønene, men dei laut gjera trælearbeid.

31. Asjer dreiv ikkje ut dei som budde i Akko og Sidon, i Aklab, Aksib, Helba, Afik og Rehob.

32. Asjers-sønene busette seg mellom dei kanaanearane som heldt til i landet; for dei greidde ikkje å driva dei ut.

33. Naftali dreiv ikkje ut dei som budde i Bet-Sjemesj og Bet-Anat. Dei busette seg mellom kanaanearane som åtte heime i landet. Men folket i Bet-Sjemesj og Bet-Anat laut træla for dei.

34. Amorittane trengde Dans-sønene opp i fjellet og lét dei ikkje få koma ned på sletta.

35. Amorittane greidde å halda seg i Har-Heres, Ajjalon og Sja’albim. Men sidan fekk Josefs-ætta overtaket og nøydde dei til å træla for seg.

36. Grensa til amorittane gjekk frå Akrabbim-skaret og oppetter frå Sela.

Les hele kapitlet Dommarane 1