Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 1:19-35 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Herren var med Juda, og dei la under seg fjellbygdene. Men folket som budde på sletta, greidde dei ikkje å driva bort; for dei hadde jernvogner.

20. Kaleb fekk Hebron, så som Moses hadde sagt; og han dreiv dei tre Anak-sønene ut derifrå.

21. Men Benjamins-sønene dreiv ikkje ut jebusittane, som budde i Jerusalem. Jebusittane vart buande i Jerusalem saman med Benjamins-sønene og har butt der til denne dag.

22. Josefs-sønene tok òg ut i striden; dei gjekk mot Betel, og Herren var med dei.

23. Dei sende ut folk til å speida i Betel. Den byen heitte før i tida Lus.

24. Speidarane fekk sjå ein mann som kom ut or byen, og dei sa til han: «Syn oss kvar vi kan koma inn i byen, så skal vi spara deg.»

25. Så synte han dei kvar dei kunne koma inn, og dei øydde byen med odd og egg. Men mannen og heile ætta hans lét dei fara sin veg.

26. Han fór til hetittlandet. Der bygde han ein by som han kalla Lus; og det har han heitt til denne dag.

27. Manasse dreiv ikkje ut folket i Bet-Sjean, Ta’anak, Dor, Jibleam og Megiddo og småbyane som låg der ikring. Kanaanearane greidde å halda seg der i landet.

28. Då israelittane vart sterkare, tvinga dei kanaanearane til å arbeida for seg, men dei dreiv dei ikkje ut.

29. Efraim dreiv ikkje ut kanaanearane som budde i Geser. Kanaanearane vart buande der mellom dei.

30. Sebulon dreiv ikkje ut dei som budde i Kitron og Nahalol. Kanaanearane vart buande mellom Sebulons-sønene, men dei laut gjera trælearbeid.

31. Asjer dreiv ikkje ut dei som budde i Akko og Sidon, i Aklab, Aksib, Helba, Afik og Rehob.

32. Asjers-sønene busette seg mellom dei kanaanearane som heldt til i landet; for dei greidde ikkje å driva dei ut.

33. Naftali dreiv ikkje ut dei som budde i Bet-Sjemesj og Bet-Anat. Dei busette seg mellom kanaanearane som åtte heime i landet. Men folket i Bet-Sjemesj og Bet-Anat laut træla for dei.

34. Amorittane trengde Dans-sønene opp i fjellet og lét dei ikkje få koma ned på sletta.

35. Amorittane greidde å halda seg i Har-Heres, Ajjalon og Sja’albim. Men sidan fekk Josefs-ætta overtaket og nøydde dei til å træla for seg.

Les hele kapitlet Dommarane 1