Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 1:16-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Etterkomarane etter kenitten Hobab, verbror til Moses, fór med Juda-sønene opp frå Palmebyen til Juda-øydemarka sør for Arad og vart buande saman med folket der.

17. Juda gjekk med Simeon, bror sin, og dei vann over kanaanearane som budde i Sefat. Dei bannstøytte byen; difor kalla dei han Horma.

18. Så tok Juda Gasa, Asjkalon og Ekron med alt landet som låg til dei byane.

19. Herren var med Juda, og dei la under seg fjellbygdene. Men folket som budde på sletta, greidde dei ikkje å driva bort; for dei hadde jernvogner.

20. Kaleb fekk Hebron, så som Moses hadde sagt; og han dreiv dei tre Anak-sønene ut derifrå.

21. Men Benjamins-sønene dreiv ikkje ut jebusittane, som budde i Jerusalem. Jebusittane vart buande i Jerusalem saman med Benjamins-sønene og har butt der til denne dag.

22. Josefs-sønene tok òg ut i striden; dei gjekk mot Betel, og Herren var med dei.

23. Dei sende ut folk til å speida i Betel. Den byen heitte før i tida Lus.

24. Speidarane fekk sjå ein mann som kom ut or byen, og dei sa til han: «Syn oss kvar vi kan koma inn i byen, så skal vi spara deg.»

Les hele kapitlet Dommarane 1