Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 9:8-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Ja, Herre, vi må skjemmast, vi og kongane våre, hovdingane og fedrane våre, som har synda mot deg.

9. Hjå Herren vår Gud er miskunn og tilgjeving, endå vi har sett oss opp mot han.

10. Vi høyrde ikkje på Herren vår Gud og levde ikkje etter lovene hans, som han la fram for oss ved tenarane sine, profetane.

11. Heile Israel braut di lov, vende seg bort og høyrde ikkje på deg. Difor kom ho over oss, den forbanninga som Gud gjorde eid på at han ville senda, og som det er skrive om i lova åt Moses, Guds tenar. For vi hadde synda mot han.

12. Han heldt sine ord som han hadde tala mot oss og mot dei styresmennene som rådde over oss. Han sende over oss ei ulukke så stor at det ikkje finst ein stad under himmelen der det har hendt noko slikt som i Jerusalem.

13. Etter det som står skrive i Moselova, kom all denne ulukka over oss. Men vi prøvde ikkje å vinna Herren vår Guds velvilje; vi vende ikkje om frå våre misgjerningar og akta ikkje på di sanning.

14. Difor hadde Herren støtt ulukka for auga og lét henne koma over oss. For Herren vår Gud er rettferdig i alt han gjer, men vi høyrde ikkje på han.

15. Og no, Herre vår Gud, du som førte folket ditt ut or Egypt med sterk hand og har vunne deg eit namn, så som det er i dag, vi har synda og vore ugudelege.

16. Men Herre, du som har gjort så mange frelsesverk, lat vreiden og harmen din venda seg bort frå byen din, Jerusalem, frå ditt heilage fjell! Fordi vi har synda, og fedrane våre har bore seg ille åt, har Jerusalem og folket ditt vorte til spott for alle som bur ikring oss.

17. Høyr no, vår Gud, kva tenaren din bed, ja, naudbed deg om, og lat ditt åsyn lysa over den øydelagde heilagdomen din, for di eiga skuld, Herre.

18. Min Gud, vend øyra til og høyr! Lat opp augo dine og sjå røysane våre og byen som ditt namn er nemnt over. For det er ikkje i tillit til våre rettferdige gjerningar at vi ber våre audmjuke bøner fram for deg, men i tillit til di store miskunn.

19. Herre, høyr! Herre, tilgjev! Herre, gjev akt på vår bøn! Grip inn, dryg ikkje – for di eiga skuld, min Gud! For ditt namn er nemnt over byen din og folket ditt.»

Les hele kapitlet Daniel 9