Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 9:17-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Høyr no, vår Gud, kva tenaren din bed, ja, naudbed deg om, og lat ditt åsyn lysa over den øydelagde heilagdomen din, for di eiga skuld, Herre.

18. Min Gud, vend øyra til og høyr! Lat opp augo dine og sjå røysane våre og byen som ditt namn er nemnt over. For det er ikkje i tillit til våre rettferdige gjerningar at vi ber våre audmjuke bøner fram for deg, men i tillit til di store miskunn.

19. Herre, høyr! Herre, tilgjev! Herre, gjev akt på vår bøn! Grip inn, dryg ikkje – for di eiga skuld, min Gud! For ditt namn er nemnt over byen din og folket ditt.»

20. Medan eg endå tala og bad og sanna mi eiga synd og synda åt Israel, folket mitt, og bar fram for Herren min Gud ei inderleg bøn for min Guds heilage fjell,

21. ja, medan eg endå heldt på å be, kom Gabriel, den mannen eg før hadde sett i synet, og flaug heilt bort til meg. Det var på den tid kveldsofferet skulle berast fram.

22. Han ville læra meg og sa: «Daniel, no er eg komen og vil gje deg fullt skjøn.

23. Då du tok til å be, gjekk det ut eit ord, og eg er komen og vil kunngjera deg det; for du er elska av Gud. Så merk deg ordet og gjev akt på synet!

24. Sytti veker er fastsettefor ditt folk og din heilage byfør vondskapen ¬har nått sitt mål,før synda tek slutt.Då vert skulda utstroken,det kjem ei evig rettferd,det profetane såg, vert stadfest,og Det høgheilage vert salva.

25. Du skal vita og skjøna: Frå den tid det ordet gjekk ut at folket frå Jerusalem skulle førast attende og byen byggjast opp att, og til det kjem ein som er salva, ein fyrste, skal det gå sju veker. I 62 veker skal så byen stå der atterreist og oppattbygd med gater og vollgraver. Men tidene skal vera harde.

26. Etter desse 62 vekene skal den salvevigde rydjast or vegen og ikkje meir vera til. Byen og heilagdomen ¬skal øydeleggjastav hæren åt ein fyrste ¬som kjem.Han skal enda sine dagar ¬i ein flaum.Den fastsette øydeleggingskal vara til krigen er slutt.

27. Éi veke gjer han pakta tung ¬for mange,midt i veka gjer han endepå slaktoffer og grødeoffer.På styggedoms vengerkjem det ein som herjar,heilt til den fastsette ¬øydeleggingstrøymer ned ¬over øydaren sjølv.»

Les hele kapitlet Daniel 9