Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 9:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. I det fyrste året Dareios, son til Xerxes, var konge – han var av medisk ætt og hadde vorte konge over kaldearriket –

2. i det fyrste styringsåret hans granska eg, Daniel, i bøkene og la merke til kor lenge Jerusalem etter Herrens ord til profeten Jeremia skulle liggja i røys; det var sytti år.

3. Då vende eg meg til Herren Gud og ville søkja han i audmjuk bøn. Eg fasta, kledde meg i botsdrakt og strøydde støv på hovudet.

4. Eg bad til Herren min Gud, sanna vår synd og sa: «Å Herre, du store og agelege Gud, som held di pakt og viser miskunn mot dei som elskar deg og held dine bod!

5. Vi har synda og bore oss ille åt, vore gudlause og trassige; vi har vike av frå dine bod og lover.

6. Vi har ikkje høyrt på tenarane dine, profetane, som tala i ditt namn til kongane våre, hovdingane og fedrane våre, og til alt folket i landet.

7. Din er retten, Herre, og vår er skamma; så er det i dag med Juda-mennene og Jerusalemsbuane og heile Israel, både dei som er nær, og dei som er langt borte, i alle dei land du dreiv dei bort til fordi dei hadde vore trulause mot deg.

8. Ja, Herre, vi må skjemmast, vi og kongane våre, hovdingane og fedrane våre, som har synda mot deg.

9. Hjå Herren vår Gud er miskunn og tilgjeving, endå vi har sett oss opp mot han.

10. Vi høyrde ikkje på Herren vår Gud og levde ikkje etter lovene hans, som han la fram for oss ved tenarane sine, profetane.

Les hele kapitlet Daniel 9