Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 8:22-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

22. Når dette hornet vart avbrote, og det voks opp fire andre i staden, tyder det at det skal koma fire kongerike av folket hans, men dei skal ikkje ha same kraft som han.

23. Ved slutten av herredømet deira, når brotsmennene har fylt syndemålet sitt, skal det stå fram ein konge med hardt andlet og sleip tunge.

24. Han skal få stor makt, men ikkje ved eiga kraft. Han skal gjera uhyggjeleg skade og ha lukka med seg i det han tek seg føre. Han skal gjera ende på mektige menn og folket av dei heilage.

25. Fordi han er klok, skal svikarferda lukkast for han. Han skal vera stor i eigne tankar og rydja ut mange når dei minst ventar det. Han skal reisa seg mot hovdingen over hovdingane og verta knust, men ikkje ved menneskehand.

26. Det er sant, dette synet om kveldar og morgonar som her er fortalt. Du skal gøyma på synet, for det peikar langt fram i tida.»

27. Eg, Daniel, var sjuk i fleire dagar. Så stod eg opp og gjorde mi teneste hjå kongen. Eg var lamslegen av synet og skjøna det ikkje.

Les hele kapitlet Daniel 8