Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 8:12-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Det reiste seg mot Gud og skipa til ei gudsdyrking i strid med det daglege offeret. Hornet kasta sanninga til jorda, og det hadde lukka med seg i alt det tok seg føre.

13. Så høyrde eg ein av dei heilage tala, og ein annan heilag spurde han som tala: «Kor lenge gjeld synet om det daglege offeret og den øydeleggjande synda, og kor lenge skal heilagdom og gudsdyrking gjevast over til nedtrakking?»

14. Han sa til meg: «Til dess det har gått to tusen tre hundre kveldar og morgonar. Då skal heilagdomen få att sin rett.»

15. Då eg, Daniel, hadde hatt dette synet og freista å skjøna det, stod det brått framfor meg ein skapnad som såg ut som ein mann.

16. Og over Ulai høyrde eg ei menneskerøyst som ropa: «Gabriel, forklar synet for denne mannen!»

17. Så kom han bort til den staden der eg stod, og då han kom, vart eg redd og kasta meg ned med andletet mot jorda. Han sa til meg: «Høyr, menneske! For synet gjeld endetida.»

18. Medan han tala til meg, låg eg sanselaus med andletet mot jorda. Men han tok i meg, reiste meg opp

19. og sa:«No vil eg la deg få vita kva som skal henda når det lid til endes med vreiden; for synet gjeld endetida.

20. Veren du såg, den som hadde to horn, er kongane i Media og Persia.

21. Den raggete bukken er kongen i Javan. Det store hornet han hadde i skallen, er den fyrste kongen.

22. Når dette hornet vart avbrote, og det voks opp fire andre i staden, tyder det at det skal koma fire kongerike av folket hans, men dei skal ikkje ha same kraft som han.

23. Ved slutten av herredømet deira, når brotsmennene har fylt syndemålet sitt, skal det stå fram ein konge med hardt andlet og sleip tunge.

Les hele kapitlet Daniel 8