Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 8:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. I det tredje året Belsasar var konge, fekk eg, Daniel, eit syn; det kom ei tid etter det førre.

2. I dette synet såg eg at eg var i Susa-borga i provinsen Elam, og at eg var attmed Ulai-elva.

3. Då eg såg opp, fekk eg auga på ein ver som stod attmed elva. Han hadde to horn. Begge var store, men det eine var større enn det andre, og det største voks fram sist.

4. Eg såg veren stanga mot vest, mot nord og mot sør. Det fanst ikkje dyr som kunne stå seg mot han, og ingen kunne berga or hans vald. Veren bar seg åt som han ville, og fekk stor makt.

5. Medan eg stod og såg på dette, kom det ein bukk frå vest. Han fór fram over heile jorda utan å koma nær marka. Bukken hadde eit stort horn i skallen.

6. Han kom bort til veren med dei to horna, den eg såg attmed elva, og fór imot han med styrlaus kraft.

7. Eg såg korleis han kom heilt bort til veren, stanga til han i sinne og braut begge horna hans. Veren hadde ikkje kraft til å stå seg imot han. Bukken kasta han til jorda og trakka på han, og ingen kunne berga veren frå hans makt.

8. Bukken fekk stor makt. Men nett då han var på det sterkaste, vart det store hornet avbrote, og det voks opp fire andre horn i staden, eitt for kvar av dei fire himmelretningane.

Les hele kapitlet Daniel 8