Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 7:7-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Så fekk eg i nattsynene mine sjå eit fjerde dyr, fælt og skræmeleg og uhorveleg sterkt. Det hadde store tenner av jern og åt og krasa; og leivningane trakka det ned med føtene. Det var annleis enn alle hine dyra og hadde ti horn.

8. Då eg såg vel på horna, fekk eg auga på eit anna lite horn som skaut opp mellom dei. Og tre av dei andre horna vart opprykte, så det kunne få rom. Dette hornet hadde augo som eit menneske og ein munn som tala store ord.

9. Så såg eg:Tronstolar vart sette fram,og ein som var gamal av dagar, ¬tok sete.Hans klednad var snøkvitog håret på hovudet hans ¬som rein ull.Hans trone var eldslogarog hjula under ¬brennande eld.

10. Ei elv av eld strøymde fram,og ho gjekk ut framføre han.Tusen på tusen tente han,titusen på titusen ¬stod framføre han.Retten vart sett, ¬og bøker vart opna.

11. Medan eg såg på dette, vart dyret drepe fordi hornet tala store ord. Kroppen vart øydelagd og kasta på elden; han skulle brennast.

12. Frå dei andre dyra òg vart herredømet teke; tid og stund var fastsett for deira levetid.

13. Så såg eg i nattsynene mine:Sjå, med himmelens skyerkom det ein som var lik ¬ein menneskeson.Han gjekk bort ¬mot den gamle av dagarog vart ført fram for han.

14. Han fekk herredøme, ¬ære og rike;folk og ætter med ulike språk,alle folkeslag skal tena han.Hans velde er eit evig velde,det skal ikkje forgå;hans rike går aldri til grunne.

15. Då kjende eg, Daniel, meg uroleg i hugen; synene eg hadde hatt, skræmde meg.

Les hele kapitlet Daniel 7