Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 7:10-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Ei elv av eld strøymde fram,og ho gjekk ut framføre han.Tusen på tusen tente han,titusen på titusen ¬stod framføre han.Retten vart sett, ¬og bøker vart opna.

11. Medan eg såg på dette, vart dyret drepe fordi hornet tala store ord. Kroppen vart øydelagd og kasta på elden; han skulle brennast.

12. Frå dei andre dyra òg vart herredømet teke; tid og stund var fastsett for deira levetid.

13. Så såg eg i nattsynene mine:Sjå, med himmelens skyerkom det ein som var lik ¬ein menneskeson.Han gjekk bort ¬mot den gamle av dagarog vart ført fram for han.

14. Han fekk herredøme, ¬ære og rike;folk og ætter med ulike språk,alle folkeslag skal tena han.Hans velde er eit evig velde,det skal ikkje forgå;hans rike går aldri til grunne.

15. Då kjende eg, Daniel, meg uroleg i hugen; synene eg hadde hatt, skræmde meg.

16. Eg gjekk bort til ein av dei som stod der, og bad han om rett forklaring på alt dette. Han svara meg og fortalde kva synene tydde:

17. «Desse store dyra, fire i talet, tyder at det skal koma fire kongar på jorda.

18. Men dei heilage åt Den Høgste skal få riket og ha det i eige til alle tider, i alle æver.»

19. Då ynskte eg å få vita kva meininga var med det fjerde dyret. Det var annleis enn alle dei andre, eit skræmeleg dyr med tenner av jern og klør av kopar. Det åt og krasa, og det som vart att, trakka det ned med føtene.

20. Like eins ynskte eg å få greie på dei ti horna det hadde på hovudet, og det nye hornet som skaut opp og fekk tre av dei andre til å falla av. Dette hornet hadde augo og ein munn som tala store ord, og var større å sjå til enn dei andre.

Les hele kapitlet Daniel 7