Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 7:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. I det fyrste året Belsasar var konge i Babylonia, hadde Daniel draumar og syner medan han låg på lega si. Han skreiv opp synene, og her tek forteljinga hans til.

2. Daniel fortalde: Eg såg i eit syn om natta at dei fire himmel-vindane sette storhavet i opprør.

3. Fire store dyr steig opp or havet, og dei var ulike å sjå til.

4. Det fyrste dyret var som ei løve og hadde ørnevenger. Medan eg såg på det, vart vengene avrivne, og det vart lyft frå jorda og reist på to føter som eit menneske, og det fekk eit menneskehjarta.

5. Så fekk eg sjå eit dyr til, det andre i rekkja. Det var likt ein bjørn, og det reiste seg halvveges opp. I gapet mellom tennene hadde det tre sidebein. Og det vart sagt til det: «Stå opp og et mykje kjøt!»

6. Sidan såg eg eit anna dyr, som likna ein leopard. Det hadde fire fuglevenger på ryggen, og det hadde fire hovud. Dyret fekk stor makt.

Les hele kapitlet Daniel 7