Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 3:18-30 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Og om han ikkje det gjer, skal du vita, konge, at vi ikkje kjem til å dyrka din gud og tilbe det gullbiletet som du har reist.»

19. Då rann det slikt sinne i Nebukadnesar mot Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego at han reint skaptest om i andletet. Han sa frå at dei skulle gjera omnen sju gonger så heit som vanleg.

20. Og han sette nokre handfaste karar i hæren til å binda Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego og kasta dei i omnen med logande eld.

21. Så vart mennene bundne og kasta i den glødande omnen, med kappene, buksene, huene og dei andre kleda på seg.

22. Sidan kongsbodet var så strengt, og omnen difor så sterkt oppheta, vart dei som førte Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego opp, drepne av logane.

23. Dei andre tre, Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego, fall bundne ned i den glødande omnen.

24. Då vart kong Nebukadnesar forfærd. Han reiste seg brått og sa til rådsherrane sine: «Var det ikkje tre menn vi kasta bundne ned i elden?» «Jau visst, konge,» svara dei.

25. Då sa han: «Men eg ser fire menn gå fritt ikring i elden, og det finst ikkje mein på dei. Den fjerde ser ut som ein gudeson.»

26. No gjekk Nebukadnesar bort til døra i den glødande omnen og ropa: «Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego, de som er tenarar for Den Høgste Gud, kom ut!» Og Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego kom ut or elden.

27. Satrapane, statthaldarane, landshovdingane og kongens rådsherrar kom saman. Dei såg at elden ikkje hadde hatt makt over lekamane åt desse mennene. Håret på hovuda deira var ikkje svidt, kappene var ikkje skadde, og det lukta ikkje brent av dei.

28. Då tok Nebukadnesar til ords og sa: «Lova vere Sjadraks, Mesjaks og Abed-Negos Gud, som sende engelen sin og frelste tenarane sine. Dei sette si lit til han og gjorde ikkje som kongen baud. Dei våga livet, så dei skulle sleppa å dyrka eller tilbe nokon annan gud enn sin eigen.

29. No gjev eg dette påbodet: Er det nokon i alle folk og ætter med ulike språk som talar vanvørdsleg om Sjadraks, Mesjaks og Abed-Negos Gud, skal han hoggast i sund, og huset hans skal gjerast til ein grushaug. For det finst ingen annan gud som kan frelsa så som han.»

30. Og kongen gav Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego stor makt i provinsen Babylon.

Les hele kapitlet Daniel 3