Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 3:14-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Nebukadnesar tok til ords og sa til dei: «Er det sant, Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego, at de ikkje dyrkar min gud og ikkje tilbed det gullbiletet som eg har reist?

15. No vel, dersom de, når de høyrer lyden av horn, fløyte, sitar, harpe, lutt, sekkepipe og alle andre slag instrument, er viljuge til å falla ned og tilbe det biletet eg har laga, så er alt godt og vel. Men vil de ikkje tilbe det, skal de straks kastast i omnen med logande eld. Finst det då nokon gud som kan frelsa dykk or mi hand?»

16. Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego tok til ords og sa til kong Nebukadnesar: «Vi treng ikkje svara deg eit ord på dette.

17. Om så skal vera, kan vår Gud som vi dyrkar, frelsa oss; or den glødande omnen og or di hand, konge, vil han frelsa.

18. Og om han ikkje det gjer, skal du vita, konge, at vi ikkje kjem til å dyrka din gud og tilbe det gullbiletet som du har reist.»

19. Då rann det slikt sinne i Nebukadnesar mot Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego at han reint skaptest om i andletet. Han sa frå at dei skulle gjera omnen sju gonger så heit som vanleg.

20. Og han sette nokre handfaste karar i hæren til å binda Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego og kasta dei i omnen med logande eld.

21. Så vart mennene bundne og kasta i den glødande omnen, med kappene, buksene, huene og dei andre kleda på seg.

22. Sidan kongsbodet var så strengt, og omnen difor så sterkt oppheta, vart dei som førte Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego opp, drepne av logane.

23. Dei andre tre, Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego, fall bundne ned i den glødande omnen.

24. Då vart kong Nebukadnesar forfærd. Han reiste seg brått og sa til rådsherrane sine: «Var det ikkje tre menn vi kasta bundne ned i elden?» «Jau visst, konge,» svara dei.

25. Då sa han: «Men eg ser fire menn gå fritt ikring i elden, og det finst ikkje mein på dei. Den fjerde ser ut som ein gudeson.»

Les hele kapitlet Daniel 3