Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 3:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Kong Nebukadnesar laga ei biletstøtte av gull, seksti alner høg og seks alner brei, og sette henne opp i Dura-dalen i provinsen Babylon.

2. Så sende kong Nebukadnesar bod til satrapane, statthaldarane og landshovdingane, rådgjevarane, skattmeistrane, dei lovkunnige, domarane og alle provinsstyrarane og kalla dei saman til vigsla av biletstøtta som kongen hadde reist.

3. Dei kom saman til vigsla av den støtta som kong Nebukadnesar hadde reist, både satrapane, statthaldarane og landshovdingane, rådgjevarane, skattmeistrane, dei lovkunnige, domarane og alle provinsstyrarane.Då dei stod framfor biletstøtta som Nebukadnesar hadde reist,

4. ropa herolden med høg røyst: «Hermed vere det sagt dykk, de folk og ætter med ulike språk:

5. Så snart de høyrer lyden av horn, fløyte, sitar, harpe, lutt, sekkepipe og alle andre slag instrument, skal de falla ned og tilbe gullbiletet som kong Nebukadnesar har reist.

6. Den som ikkje fell ned og tilbed, skal straks kastast i omnen med logande eld.»

7. Så snart alle folka høyrde lyden av horn, fløyte, sitar, harpe, lutt og alle andre slag instrument, kasta dei seg ned – alle folk og ætter med ulike språk – og tilbad gullbiletet som kong Nebukadnesar hadde reist.

8. Straks etter kom nokre kaldearar og klaga på judearane.

9. Dei tok til ords og sa til kong Nebukadnesar: «Kongen leve evig!

10. Konge, du har gjeve påbod om at kvar og ein som høyrer lyden av horn, fløyte, sitar, harpe, lutt, sekkepipe og alle andre slag instrument, skal falla ned og tilbe gullbiletet,

11. og at den som ikkje fell ned og tilbed, skal kastast i omnen med logande eld.

12. Det er nokre judearar her som du har sett til å styra provinsen Babylon: Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego. Desse mennene bryr seg ikkje om påbodet ditt, konge. Dei dyrkar ikkje din gud og tilbed ikkje gullbiletet som du har reist.»

Les hele kapitlet Daniel 3