Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 11:6-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Nokre år etter skal dei gjera samband med einannan. Ei dotter åt kongen i sør kjem til kongen i nord og vil tryggja freden. Men ho greier seg ikkje, og son hennar får ikkje leva. Dei misser livet, både ho og fylgjet hennar, sonen og mannen hennar.

7. På den tid skal ein av renningane frå røtene hennar koma i hans stad. Han går mot fiendehæren og bryt inn i festninga åt kongen i nord og vinn.

8. Jamvel gudane deira fører han som hærfang til Egypt, saman med dei støypte bileta deira og dei dyre kara av sølv og gull. I nokre år held han seg borte frå kongen i nord.

9. Kongen i nord skal dra mot riket åt kongen i sør, men må fara heim att til landet sitt.

10. Sidan skal sønene hans bu seg til strid og samla store hærstyrkar. Ein av dei dreg inn i landet og fer over det som ein flaum. Men han bur seg på nytt og rykkjer fram mot festninga åt kongen i sør.

11. Då vert han harm og dreg ut og strider mot kongen i nord, som fylkar ein stor hær; men hæren fell i fiendehand

12. og vert bortsopt. Då vert kongen i sør hovmodig. Han feller mange tusen, men får likevel ikkje stor makt.

13. Kongen i nord fylkar ein ny hær, som er endå større enn den fyrste. Og etter nokre år kjem han med ein stor hær og eit veldig tren.

14. I dei tider gjer mange opprør mot kongen i sør, og valdsmennene i folket ditt reiser seg, så synet vert stadfest; men dei fell.

15. Kongen i nord skal koma, kasta opp ein voll og ta ein festningsby. Styrkane frå sør held ikkje stand; ikkje eingong dei beste mellom dei maktar å gjera motstand.

16. Fienden som kjem mot dei, kan gjera som han vil, og ingen kan stå seg imot han. Han får fotfeste i det fagre landet og fører øydelegging med seg.

17. Han set seg føre å få heile riket åt kongen i sør i si makt. Difor gjer han ei semje med han og gjev han ei av døtrene sine til kone. Såleis vil han øydeleggja riket hans. Men det skal ikkje lukkast for han.

18. Så vender han seg mot landa langsmed havet og tek mange av dei. Men ein hærførar gjer ende på hovmodet hans og gjev han att for stormodet hans.

19. Då vender han seg mot festningane i sitt eige land. Men han snåvar og fell, og det er ute med han.

20. I hans stad skal det koma ein som sender ein skattekrevjar gjennom det landet som er ein prydnad for riket. Kort tid etter vert han knust, men ikkje på grunn av Guds vreide og ikkje i krig.

21. I hans stad skal det koma ein usling. Han er ikkje etla til konge, men kjem uventa og riv til seg kongedømet med list.

22. Hærstyrkar vert bortsopte og knuste framfor han – like eins han som vernar pakta.

Les hele kapitlet Daniel 11