Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 11:31-45 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

31. Hærstyrkar som han sender ut, vanhelgar heilagdomen, den faste borga, tek bort det daglege offeret og set opp den øydande styggedomen.

32. Dei som syndar mot pakta, lokkar han til fråfall med sleipe ord. Men det folket som kjenner sin Gud, står fast og viser det i gjerning.

33. Dei vituge i folket hjelper dei mange til skjøn. Men ei tid vert dei offer for sverd og bål, fangenskap og plyndring.

34. Medan dei er i trengsle, får dei litt hjelp. Men mange som sluttar seg til dei, er ikkje ærlege.

35. Nokre av dei vituge kjem i trengsle, så dei vert skirsla og reinsa og tvegne til endetida. For enno er det ei stund att til den fastsette tid.

36. Kongen skal fara fram som han vil. Hovmodig som han er, opphøgjer han seg over alle gudar, og mot Den Høgste Gud talar han uhøyrde ord. Han har framgang til dess forbanninga tek slutt. For det som er fastsett, må fullførast.

37. Han bryr seg ikkje om sine fedrars gudar og heller ikkje om grumguden åt kvinnene eller nokon annan gud. Han gjer seg sjølv større enn dei alle.

38. I staden ærar han borgguden. Ein gud som fedrane hans ikkje kjende, ærar han med gull og sølv, edle steinar og andre dyre ting.

39. Folket åt ein framand gud gjer han til mannskap i borgene. Dei som dyrkar denne guden, viser han stor ære. Han set dei til å råda over mange og skifter ut jord til dei som løn.

40. I endetida skal kongen i sør støyta saman med han, og kongen i nord skal storma fram mot han med vogner og hestfolk og mange skip. Han dreg inn i land etter land og fer over dei som ein flaum.

41. Han dreg inn i det fagre landet, og mange tusen skal falla. Men desse skal sleppa unna hans hand: Edom og Moab og dei fremste av ammonittane.

42. Han retter handa ut mot land etter land, og heller ikkje Egypt skal gå fri.

43. Han får makt over alle løynde skattar, gull og sølv og alle dyre eigneluter i Egypt. Jamvel libyarane og nubiarane må fylgja han.

44. Då skal rykte frå aust og frå nord skræma han, og han tek ut i stor harme, vil rydja ut mange og via dei til døden.

45. Han set opp kongsteltet sitt mellom havet og det fagre, heilage fjellet. Men så ber det mot slutten med han, og det er ingen som hjelper han.

Les hele kapitlet Daniel 11