Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 11:19-34 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Då vender han seg mot festningane i sitt eige land. Men han snåvar og fell, og det er ute med han.

20. I hans stad skal det koma ein som sender ein skattekrevjar gjennom det landet som er ein prydnad for riket. Kort tid etter vert han knust, men ikkje på grunn av Guds vreide og ikkje i krig.

21. I hans stad skal det koma ein usling. Han er ikkje etla til konge, men kjem uventa og riv til seg kongedømet med list.

22. Hærstyrkar vert bortsopte og knuste framfor han – like eins han som vernar pakta.

23. Etter at han har gjort samband, fer han med svik. Han dreg ut, og med lite folk vinn han herredømet.

24. Uventa gjer han innfall i dei grøderikaste bygdene i landet og gjer slikt som korkje fedrane hans eller deira fedrar har gjort. Gods som han har røva og teke, strøyer han ut til folket sitt. Han legg planar om åtak på festningsbyane; men det varer berre ei tid.

25. Så samlar han alt sitt mot og all si makt mot kongen i sør og kjem med ein stor hær. Kongen i sør bur seg òg til krig med ein stor og mannsterk hær. Men han kan ikkje stå seg, for det vert lagt vonde planar mot han.

26. Dei som et ved hans bord, bryt hans makt. Hæren hans vert bortsopt, og mannefallet er stort.

27. Begge kongane har vondt i tankar. Dei sit ved same bord og talar lygn. Men planane deira lukkast ikkje. For enden kjem fyrst til den fastsette tid.

28. Medan han er på heimveg med mykje gods, legg han planar mot den heilage pakta. Etter å ha sett dei i verk fer han attende til landet sitt.

29. Til fastsett tid dreg han mot sør att, men denne gongen går det ikkje som sist.

30. For skip frå vest kjem mot han. Då misser han motet, snur om og lèt harmen sin gå ut over den heilage pakta. Så vender han tilbake og merkar seg dei som har svikta denne pakta.

31. Hærstyrkar som han sender ut, vanhelgar heilagdomen, den faste borga, tek bort det daglege offeret og set opp den øydande styggedomen.

32. Dei som syndar mot pakta, lokkar han til fråfall med sleipe ord. Men det folket som kjenner sin Gud, står fast og viser det i gjerning.

33. Dei vituge i folket hjelper dei mange til skjøn. Men ei tid vert dei offer for sverd og bål, fangenskap og plyndring.

34. Medan dei er i trengsle, får dei litt hjelp. Men mange som sluttar seg til dei, er ikkje ærlege.

Les hele kapitlet Daniel 11