Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 11:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Og eg stod attmed han til hjelp og vern det fyrste året medaren Dareios styrte.

2. No vil eg kunngjera sanninga for deg.»Endå skal det koma tre kongar i Persia. Den fjerde skal samla seg større rikdom enn alle dei andre, og når rikdomen har gjort han mektig, skal han eggja alle til strid mot det greske riket.

3. Så kjem det ein krigarkonge. Han skal få stort velde og gjera som han sjølv vil.

4. Men så snart han har stått fram, skal riket hans bryta saman og delast i fire, etter himmelretningane. Det skal ikkje gå over til etterkomarane hans og ikkje vera så mektig som då han sjølv styrte. For riket skal bryta saman og gå over til andre.

5. Kongen i sør skal vinna stor makt. Men ein av fyrstane hans skal verta endå mektigare og vinna eit herredøme som er større enn hans.

6. Nokre år etter skal dei gjera samband med einannan. Ei dotter åt kongen i sør kjem til kongen i nord og vil tryggja freden. Men ho greier seg ikkje, og son hennar får ikkje leva. Dei misser livet, både ho og fylgjet hennar, sonen og mannen hennar.

7. På den tid skal ein av renningane frå røtene hennar koma i hans stad. Han går mot fiendehæren og bryt inn i festninga åt kongen i nord og vinn.

8. Jamvel gudane deira fører han som hærfang til Egypt, saman med dei støypte bileta deira og dei dyre kara av sølv og gull. I nokre år held han seg borte frå kongen i nord.

9. Kongen i nord skal dra mot riket åt kongen i sør, men må fara heim att til landet sitt.

10. Sidan skal sønene hans bu seg til strid og samla store hærstyrkar. Ein av dei dreg inn i landet og fer over det som ein flaum. Men han bur seg på nytt og rykkjer fram mot festninga åt kongen i sør.

Les hele kapitlet Daniel 11