Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Amos 8:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Dette synet ¬lét Herren Gud meg sjå:ei korg med mogen frukt.

2. Han sa: «Kva ser du, Amos?»Eg svara: ¬«Ei korg med mogen frukt.»Då sa Herren til meg:«Enden er komen for Israel, ¬mitt folk,eg vil ikkje lenger ¬ha tol med det.

3. Kvinnene som syng i slottet,skal jamra den dagen,lyder ordet frå Herren Gud.Alle stader ligg det lik i mengd.Dei er slengde til sides. Hysj!»

4. Høyr, de som trakkar ¬fattigfolk nedog gjer ende på dei hjelpelause ¬i landet!

5. De seier: ¬«Når er nymånedagen slutt,så vi kan selja korn,og sabbaten til ende,så vi kan opna vår kornbu?»Då gjev de ringt målog tek for stor betalingog fuskar med falske vekter.

6. De kjøper småkårsfolk ¬for pengar,ein fattig stakkar ¬for eit par skorog seier: ¬«No sel vi avfallskorn!»

Les hele kapitlet Amos 8