Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Amos 8:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Dette synet ¬lét Herren Gud meg sjå:ei korg med mogen frukt.

2. Han sa: «Kva ser du, Amos?»Eg svara: ¬«Ei korg med mogen frukt.»Då sa Herren til meg:«Enden er komen for Israel, ¬mitt folk,eg vil ikkje lenger ¬ha tol med det.

3. Kvinnene som syng i slottet,skal jamra den dagen,lyder ordet frå Herren Gud.Alle stader ligg det lik i mengd.Dei er slengde til sides. Hysj!»

4. Høyr, de som trakkar ¬fattigfolk nedog gjer ende på dei hjelpelause ¬i landet!

5. De seier: ¬«Når er nymånedagen slutt,så vi kan selja korn,og sabbaten til ende,så vi kan opna vår kornbu?»Då gjev de ringt målog tek for stor betalingog fuskar med falske vekter.

6. De kjøper småkårsfolk ¬for pengar,ein fattig stakkar ¬for eit par skorog seier: ¬«No sel vi avfallskorn!»

7. Herren har svore ¬ved Jakobs ære:Aldri skal eg gløymaalt det dei har gjort!

8. Må ikkje jorda skjelva for slikt,så alle som bur der, syrgjer?Ja, må ho ikkje stiga som Nilen,stiga og siga som elva i Egypt?

9. Den dagen skal det henda,lyder ordet frå Herren Gud:Eg lèt sola glada middagstider,gjer jorda mørk ¬ved høgljos dag.

10. Eg gjer dykkar festar ¬til syrgjehøgtidog alle dykkar viser ¬til klagesong.Eg legg syrgjeklede ¬om alle lenderog lèt kvart hovud ¬rakast snautt.Eg valdar slik sorgsom når ein syrgjer ¬over einaste sonen,og enden vert ¬som ein ulukkedag.

11. Sjå, dagar skal koma,lyder ordet frå Herren Gud,då eg sender hunger i landet,ikkje hunger etter brød ¬eller torste etter vatn,men etter å høyra Herrens ord.

Les hele kapitlet Amos 8