Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Amos 7:11-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. For Amos har sagt:Jeroboam skal døy for sverd,og israelittane skal førast bortsom fangar frå sitt land.»

12. Sidan sa Amasja til Amos: «Gå din veg, du sjåar, kom deg av stad til Juda! Der kan du ha ditt levebrød, der kan du vera profet.

13. I Betel får du ikkje lenger tala profetord; for det er ein kongeleg heilagdom, ja, eit rikstempel.»

14. Då tok Amos til ords og sa til Amasja: Ikkje er eg profet ¬og ikkje profetsvein.Eg er gjætar ¬og dyrkar morbærfiken.

15. Men Herren tok meg bort ¬frå saueflokken,og Herren sa til meg:«Gå og ver profet for Israel, ¬mitt folk!»

Les hele kapitlet Amos 7