Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Amos 6:8-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Herren Gud ¬har svore ved seg sjølv,lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud:Eg styggjest ¬ved Jakobs byrgskapog hatar slotta der;eg gjev opp byen ¬og alt som i han er.

9. Om ti menn vert att i eitt og same huset, skal dei òg døy.

10. Og ein mann som skal brenna den døde frenden sin, tek han og ber beina ut or huset. Han seier til den som er inst i huset: «Er det nokon att hjå deg?» Den andre svarar: «Nei, ingen.» Så seier han: «Hysj! Herrens namn må ikkje nemnast.»

11. For sjå, Herren byd, og han slår det store huset i knas, og det vesle huset så det rivnar.

12. Spring vel hestar ¬oppetter bratte fjellet,pløyer ein havet med oksar?Men de gjer retten om til giftog rettferds frukt til malurt.

13. De gleder dykk over Lo-Debar ¬og seier:«Var det ikkje med eiga kraftvi tok Karnajim?»

14. Sjå, no reiser eg eit folkmot deg, du Israels ætt,lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud.Dei skal trælka dykkfrå Lebo-Hamat ¬til Araba-bekken.

Les hele kapitlet Amos 6