Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Amos 6:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ve dei som sit trygge ¬på Sionog utan sut på Samarias fjell,dei gjævaste ¬i det fremste folket,dei som Israels-ætta ¬vender seg til.

2. Far over til Kalne og sjå,gå derifrå til Hamat, ¬den store byen,og far ned til Gat i Filistarland!Er de betre enn desse rika,har de eit større land enn dei,

3. de som jagar ulukkedagen ¬frå dykkog kallar fram ¬eit valdsherredøme?

4. Dei ligg på elfenbeinsbenkerog strekkjer seg på divanar,dei et lam or saueflokkenog gjøkalvar or buskapen.

5. Dei syng allslags tull ¬til harpelåt,og finn opp instrument ¬liksom David.

6. Dei drikk vin or offerskålerog salvar seg ¬med den beste olje,men syrgjer ikkje ¬over Josefs skade.

Les hele kapitlet Amos 6