Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Amos 5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Klagesong over Israel

1. Høyr dette ordet, ¬Israels ætt,ein klagesong ¬som eg syng om deg!

2. Ho er fallen ¬og reiser seg aldri meir,Israel, den unge møy.Ho ligg der ¬bortslengd på si jord,og ingen reiser henne opp.

3. For så seier Herren Gud:Den byen som sender ut ¬tusen mann,får berre hundre att,og den som sender ut ¬hundre mann,får berre ti att – i Israels ætt.

Søk Herren, så skal de leva!

4. Så seier Herren til Israels ætt:Søk meg, så skal de leva!

5. Søk ikkje til Betel,kom ikkje til Gilgal,og far ikkje over til Be’er-Sjeba!For folket i Gilgal ¬skal førast bort,Betel skal verta ¬uhyggjeleg audt.

6. Søk Herren, så skal de leva!Elles kjem han som eld ¬over Josefs ætt;elden øyder,og det er ingen i Betel ¬til å sløkkja.

Dom over stormenn som gjer urett

7. Dei gjer retten om til malurtog kastar rettferda til jorda.

8. Han som skapte Sjustjerna ¬og Orion,han som gjer stummande ¬mørker til morgonog dagen til svarte natt,han som kallar på vatnet ¬i havetog auser det ut over jorda– Herren er hans namn.

9. Han lèt undergang lyna ¬over borger,lèt festningar siga i røys.

10. Dei hatar menn ¬som hevdar retten på tinget,og styggjest ved dei ¬som talar sant.

11. De trakkar småkårsfolk nedog krev korn i avgift av dei.Difor skal de ikkje få bui dei hus de har bygt ¬av tilhoggen stein,og ikkje få drikka vinfrå dei herlege vingardar ¬de har planta.

12. For eg veit ¬at dykkar brot er mangeog dykkar synder utan tal,de som forfylgjer ¬skuldlaust folk,lèt dykk kjøpa for pengarog driv fattigfolk bort ¬frå retten.

13. Difor teier den kloke ¬i denne tid;for ei vond tid er det.

Legg vinn på det gode!

14. Legg vinn på det gode ¬og ikkje det vonde,så de får leva!Då skal Herren, Allhærs Gud,vera med dykk, som de seier.

15. Hata det vonde ¬og elska det gode,hald retten høgt på tinget!Så vil kanskje Herren, ¬Allhærs Gud,vera nådig mot Josefs rest.

Sorg og klage

16. Difor seier Herren,Herren, Allhærs Gud:På alle torg skal lik-klage lyda,i alle gater skal dei ropa: «Ve!»Dei skal henta bonden ¬til syrgjehøgtid,senda bod på folk ¬som kan gråta og klaga.

17. I alle vingardar skal dei jamranår eg skrid fram ¬imellom dykk,seier Herren.

Herrens dag

18. Ve dykk som lengtar ¬etter Herrens dag!Kva vil de med Herrens dag?Han er mørker og ikkje ljos.

19. Det er som når ein mannrømer frå ei løve ¬og møter ein bjørn;og kjem han heim ¬og stør handa til veggen,vert han biten av ein orm.

20. Ja, mørk er Herrens dag ¬og ikkje ljos,kolmørk er han og utan ljoske.

21. Eg hatar og styggjest ¬ved festane dykkar,stemnene dykkar ¬byd meg imot.

22. For om de ber fram brennoffer ¬eller grødeoffer,så bryr eg meg ikkje om dei.Og dykkar måltidsoffer ¬med gjøkalvkjøtser eg ikkje på.

23. Lat meg sleppa ¬dine ståkande songar,eg vil ikkje høyra ¬ditt harpespel!

24. Lat retten vella fram som vatn,og rettferd lik bekker ¬som aldri turkar.

25. Bar de fram for meg slaktoffer ¬og grødeofferdei førti åra i øydemarka, ¬du Israels ætt?

26. Og bar de Sakkut, ¬kongen dykkar,og Kevan, ¬stjerna åt guden dykkar,bileta som de har laga?

27. Eg fører dykk i fangenskaptil landet bortanfor Damaskus,seier Herren – Allhærs Gud ¬er hans namn.