2. Men eg sender eld mot Moab,han skal øyda borgene ¬i Kerijot.Moabittane skal døy ¬i stridsgny,medan hærrop lyder ¬og horn gjallar.
3. Eg rydjar ut han ¬som styrer i landet,og drep alle hovdingar ¬saman med han,seier Herren.
4. Så seier Herren:For tre ugjerningar ¬Juda har gjort,ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom.For dei vanvørde Herrens lovog heldt ikkje ¬hans føreskrifter,men lét seg føra vilt ¬av lygngudane,som fedrane deira hadde fylgt.
5. Men eg sender eld mot Juda,han skal øyda borgene ¬i Jerusalem.
6. Så seier Herren:For tre ugjerningar ¬Israel har gjort,ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom.For dei sel rettferdige ¬for pengarog fattigfolk for eit par skor.
7. Dei trakkar småkårsfolks hovud ¬i støvetog trengjer dei hjelpelause ¬bort frå vegen.Ein mann og far hans ¬går til same jentaog vanhelgar såleis ¬mitt heilage namn.
8. Dei strekkjer seg ¬på pantsette kledeattmed kvart altar,og vin som dei har teke i bøter,drikk dei i huset åt sin Gud.
9. Og det var då egsom rudde ut amorittane ¬for dei,dei som var høge som sedrarog sterke som eiker.Eg øydela frukta ovantilog røtene nedantil.
10. Det var eg ¬som førte dykk opp frå Egyptog leidde dykk i øydemarka ¬i førti år,så de kunne ta amorittlandet ¬i eige.
11. Eg gjorde nokre av sønene ¬dykkar til profetarog nokre av unggutane dykkar ¬til nasirearar.Er det ikkje så, de israelittar?lyder ordet frå Herren.
12. Men de gav nasirearane ¬vin å drikkaog forbaud profetane ¬å forkynna.
13. Sjå, no lèt eg grunnen ¬skaka under dykksom under ei vogn full av korn.
14. Den lettføtte finn ikkje livd,den sterke får ikkje ¬bruka si kraft,og krigaren bergar ikkje sitt liv.
15. Bogeskyttaren held ¬ikkje stand,den som er lett på foten, ¬kjem ikkje unna,og ryttaren bergar ikkje livet.