1. Så seier Herren:For tre ugjerningar ¬Moab har gjort,ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom.For dei brende Edom-kongens ¬bein til kalk.
2. Men eg sender eld mot Moab,han skal øyda borgene ¬i Kerijot.Moabittane skal døy ¬i stridsgny,medan hærrop lyder ¬og horn gjallar.
3. Eg rydjar ut han ¬som styrer i landet,og drep alle hovdingar ¬saman med han,seier Herren.
4. Så seier Herren:For tre ugjerningar ¬Juda har gjort,ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom.For dei vanvørde Herrens lovog heldt ikkje ¬hans føreskrifter,men lét seg føra vilt ¬av lygngudane,som fedrane deira hadde fylgt.
5. Men eg sender eld mot Juda,han skal øyda borgene ¬i Jerusalem.
6. Så seier Herren:For tre ugjerningar ¬Israel har gjort,ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom.For dei sel rettferdige ¬for pengarog fattigfolk for eit par skor.
7. Dei trakkar småkårsfolks hovud ¬i støvetog trengjer dei hjelpelause ¬bort frå vegen.Ein mann og far hans ¬går til same jentaog vanhelgar såleis ¬mitt heilage namn.