Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 8:1-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Alle dei boda eg gjev deg i dag, skal de leggja vinn på å halda. Då skal de få leva og aukast og koma inn i det landet som Herren svor at han ville gje fedrane dykkar, og ta det i eige.

2. Kom i hug korleis Herren din Gud førte deg heile vegen desse førti åra i øydemarka, fordi han ville audmykja deg og prøva deg og sjå kva som budde i hjarta ditt, om du ville halda boda hans eller ikkje.

3. Han audmykte deg og lét deg svelta. Så gav han deg manna, ein mat som korkje du eller fedrane dine kjende til. Han ville syna deg at mennesket ikkje lever berre av brød, men av kvart ord som kjem frå Herrens munn.

4. Kleda dine vart ikkje utslitne, og føtene dine hovna ikkje i desse førti åra.

5. Så må du då skjøna at Herren din Gud vil oppseda deg liksom ein mann oppsedar son sin.

6. Hald boda åt Herren din Gud! Gå på hans vegar, og ha age for han!

7. Sanneleg, Herren din Gud fører deg inn i eit godt land, eit land med rennande bekker, med kjelder og vassårer som kjem fram i dalane og på fjella,

8. eit land med kveite og bygg, med vintre, fikentre og granataplar, eit land med oliventre og honning.

9. Der skal du ikkje leva i armod og ikkje vanta noko. Der er det jern i steinane, og der kan du bryta ut kopar or fjellet.

10. Når du så får eta deg mett, skal du prisa Herren din Gud for det gode landet han har gjeve deg.

11. Ta deg i vare så du ikkje gløymer Herren din Gud og lèt vera å halda lovene, boda og føresegnene hans, som eg gjev deg i dag.

12. Når du kan eta deg mett, når du byggjer deg fine hus og får bu i dei,

13. når storfeet og småfeet ditt aukar, når du får mykje gull og sølv og all din eigedom veks,

14. ta deg då i vare så du ikkje vert hovmodig og gløymer Herren din Gud, som førte deg ut or Egypt, or trælehuset.

15. Han førte deg gjennom den store, uhyggjelege øydemarka, mellom eiterormar og skorpionar, gjennom eit turt og vasslaust land. Og or harde fjellet lét han vatn strøyma fram åt deg.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 8