Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 7:16-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Du skal gjera ende på alle dei folk som Herren din Gud gjev deg makt over, og ikkje spara dei. Og gudane deira må du ikkje dyrka; for det ville verta ei felle for deg.

17. Men om du tenkjer som så: «Desse folka er større enn eg. Korleis skal eg greia å driva dei ut?»

18. så ver ikkje redd dei! Kom i hug kva Herren din Gud gjorde med farao og alle egyptarane!

19. Kom i hug dei store plagene som du såg for augo dine, teikna og undera, då Herren med sterk hand og strak arm førte deg ut. Det same skal Herren din Gud gjera med alle dei folka du no er redd for.

20. Han skal jamvel senda redsle og rådløyse mellom dei, til dess dei er borte, alle dei som er att eller har gøymt seg for deg.

21. Lat deg ikkje skræma av dei; for Herren din Gud er hjå deg, ein stor og ageleg Gud.

22. Smått om senn skal Herren din Gud driva desse folka ut for deg. Du skal ikkje gjera ende på dei med ein gong; då kunne villdyra verta for mange for deg.

23. Herren din Gud skal gje deg makt over folka og gjera dei rådlause og redde, til dei vert utrudde.

24. Han skal gje kongane deira i dine hender, og du skal stryka ut namna deira under himmelen. Ingen skal kunna stå seg mot deg, og snart er det ute med dei.

25. Gudebileta deira skal de kasta på elden. Du skal ikkje bry deg om sølvet og gullet på dei og eigna det til deg. Det ville verta ei snare for deg; for det er ein styggedom for Herren din Gud.

26. Lat ikkje slik styggedom koma inn i huset ditt, så du vert bannlyst liksom det. Du skal styggjast ved det og sky det, for det er bannlyst.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 7