Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 6:1-4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Dette er dei bod, føresegner og domar som Herren dykkar Gud sa at eg skulle læra dykk, og som de skal leva etter i det landet de er på veg til og skal leggja under dykk.

2. Du skal ottast Herren din Gud så lenge du lever, og halda alle føresegnene og boda hans som eg gjev deg, både du og son din og soneson din, så du kan få eit langt liv.

3. Så høyr då, Israel! Legg vinn på å leva etter Herrens bod! Då skal det gå deg vel, og de skal aukast og verta mange i det landet som fløymer med mjølk og honning, så som Herren, dine fedrars Gud, har lova deg.

4. Høyr, Israel! Herren er vår Gud, Herren er éin.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 6