Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 4:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så høyr no, Israel, dei føresegner og bod som eg lærer dykk! Hald dykk etter dei, så de kan få leva og koma inn i det landet som Herren, dykkar fedrars Gud, vil gje dykk, og ta det i eige.

2. De skal ikkje leggja noko til det eg byd dykk, og ikkje ta noko ifrå, men halda dei boda frå Herren dykkar Gud som eg gjev dykk.

3. Med eigne augo såg de kva Herren gjorde ved Ba’al-Peor. Kvar mann som heldt seg til Ba’al-Peor, rudde Herren din Gud ut or folket.

4. Men de som heldt fast ved Herren dykkar Gud, har alle fått leva til denne dag.

5. Sjå, eg har lært dykk føresegner og bod, såleis som Herren min Gud sa til meg, så de skal leva etter dei i det landet de no går inn i og legg under dykk.

6. Så legg då vinn på å leva etter dei! For då får de ord for visdom og klokskap hjå andre folkeslag. Når dei høyrer alle desse føresegnene, kjem dei til å seia: «Kor vist og vitug det er, dette store folket!»

7. Kvar finst det eit folk, om aldri så stort, som har ein gud som er folket sitt så nær som Herren vår Gud er oss kvar gong vi kallar på han?

8. Og kvar finst det eit folk, om aldri så stort, som har så rettvise føresegner og bod som heile den lova eg legg fram for dykk i dag?

9. Ta deg i vare og akta deg vel, så du ikkje gløymer det du såg for augo dine. Lat det aldri gå deg or minne så lenge du lever, men fortel borna og barneborna dine

10. om den dagen då du stod framfor Herren din Gud ved Horeb, den gongen Herren sa til meg: «Kall folket saman! Eg vil la dei høyra orda mine, så dei kan læra å ottast meg alle sine dagar på jorda, og læra borna sine det same.»

Les hele kapitlet 5. Mosebok 4