Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 34:4-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Og Herren sa til han: «Dette er det landet som eg med eid lova Abraham, Isak og Jakob at eg ville gje ætta deira. No har eg late deg sjå det for augo dine, men du får ikkje koma inn i det.»

5. Så døydde Moses, Herrens tenar, der i Moab, som Herren hadde sagt.

6. Og han gravla han nede i dalen i Moab, midt for Bet-Peor. Og til denne dag har ingen visst kvar grava hans er.

7. Moses var hundre og tjue år gamal då han døydde. Men endå hadde han ikkje dimst på synet, og livskrafta var ikkje kvorven.

8. Israelittane syrgde over Moses på Moab-slettene i tretti dagar; då var syrgjetida ute.

9. Men Josva Nunsson var fylt med visdomsånd, fordi Moses hadde lagt hendene på han. Og israelittane lydde han og gjorde som Herren hadde sagt Moses føre.

10. Aldri meir steig det fram i Israel ein profet som Moses, som Herren gav seg til kjenne for, åsyn til åsyn.

11. Kom i hug alle dei teikn og under Herren sende han til å gjera i Egypt, med farao og alle tenarane hans og heile landet hans.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 34