Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 34:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så gjekk Moses frå Moab-slettene opp på Nebo, som er den høgste tinden på Pisga-fjellet og ligg midt for Jeriko. Og Herren synte han heile landet: Gilead alt til Dan,

2. heile Naftali, Efraim- og Manasse-landet og heile Juda radt til havet i vest,

3. Negev og Jordan-sletta, dalen ved Jeriko, Palmebyen, alt ned til Soar.

4. Og Herren sa til han: «Dette er det landet som eg med eid lova Abraham, Isak og Jakob at eg ville gje ætta deira. No har eg late deg sjå det for augo dine, men du får ikkje koma inn i det.»

5. Så døydde Moses, Herrens tenar, der i Moab, som Herren hadde sagt.

6. Og han gravla han nede i dalen i Moab, midt for Bet-Peor. Og til denne dag har ingen visst kvar grava hans er.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 34