Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 32:9-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Herrens del vart hans eige folk,Jakob vart hans arvelut.

10. Herren fann han i øydemarka,i tome audna med ulande lydar.Han verna han og sytte for hanog vakta han ¬som sin augnestein.

11. Som ei ørn sviv ¬over ungane sinenår ho lèt dei flyga frå reiret,så breidde han ut ¬sine vengefjører,tok og bar han på sine venger.

12. Einast Herren førte han,ingen framand gud ¬var med han.

13. Han lét han fara ¬over høgdene i landetog eta av grøda på marka.Han lét han suga honning ¬or bergetog olje or harde fjellet.

14. Han gav han rjome ¬frå buskapen,mjølk av småfe og feitt av lam,av Basan-verar og bukkar,og den feitaste mergen ¬av kveiten.Drueblod drakk du, ¬skummande vin.

15. Jesjurun vart feit ¬og spente bakut;du vart feit og tjukk og stinn.Han vraka Gud ¬som hadde skapt han,og viste vanvørdnad ¬for sitt frelsande berg.

16. Dei eggja han ¬med framande gudarog harma han med styggedom.

17. Dei ofra til ånder ¬som ikkje er gudar,til guddomar dei ikkje kjende,nye og nyst oppkomne,gudar som fedrane ¬ikkje visste om.

18. Berget, ditt opphav, ¬ansa du ikkje,du gløymde Gud ¬som fødde deg.

19. Då Herren såg det, ¬støytte han dei bort,for hans søner og døtrer ¬hadde krenkt han.

20. Han sa: ¬Eg vil løyna mitt åsyn for deiog sjå korleis det går dei til sist;for dei er ei rangsnudd ætt,born som ein aldri kan lita på.

21. Dei eggja meg ¬med sine avgudar,med gagnlause gudar ¬harma dei meg.Så vil eg eggja dei med eit ufolk,krenkja dei med eit uvitug folk.

22. For i min vreide ¬har eg kveikt ein eld,han brenn til djupaste dødsriket.Han øyder jorda ¬og hennar grødeog set grunnvollen ¬under fjella i brann.

23. Eg hopar opp ulukker over deiog brukar alle mine piler ¬mot dei.

24. Kraftlause vert dei av svolt,dei tærest av pest og farleg sott.Så sender eg mot dei ¬villdyrtennerog eiter av ormar ¬som kryp på jorda.

25. Sverdet skal herja på gata,redsle inne i kammera.Gutar og jenter vert rivne bort,spedbarn og gråhåra mann.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 32