Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 32:46-52 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

46. sa han: «Legg dykk no på hjarta alle desse orda som eg i dag har tala til åtvaring for dykk. Og sei frå til borna dykkar at dei skal halda alle boda i denne lova og leva etter dei.

47. For dette er ikkje tome ord, men sjølve livet for dykk. Held de dei, skal de få leva lenge i det landet de tek i eige når de går over Jordan.»

48. Same dagen tala Herren til Moses og sa:

49. «Stig opp på Abarim-fjellet, på Nebo-tinden, som ligg i Moab, midt for Jeriko, så skal du få sjå Kanaan, det landet som eg gjev israelittane til eige.

50. Og der oppå fjellet skal du døy og fara til folket ditt, liksom Aron, bror din, døydde på Hor-fjellet og fór til folket sitt.

51. Så skal det gå fordi de var trulause mot meg mellom israelittane ved Meriba-kjelda i Kadesj i Sin-øydemarka og ikkje helga meg mellom dei.

52. Du skal få sjå landet framføre deg, men du skal ikkje koma inn i det landet som eg gjev israelittane.»

Les hele kapitlet 5. Mosebok 32