Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 32:23-42 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. Eg hopar opp ulukker over deiog brukar alle mine piler ¬mot dei.

24. Kraftlause vert dei av svolt,dei tærest av pest og farleg sott.Så sender eg mot dei ¬villdyrtennerog eiter av ormar ¬som kryp på jorda.

25. Sverdet skal herja på gata,redsle inne i kammera.Gutar og jenter vert rivne bort,spedbarn og gråhåra mann.

26. Eg tenkte eg skulle knusa dei,rydja ut deira minne ¬mellom folk.

27. Men eg ottast at fiendane ¬skulle krenkja meg,at deira motstandarar ¬ville mistyda det og seia:«Det er vår hand som er sterk;det var ikkje Herren ¬som gjorde dette.»

28. Dei er eit folk ¬utan råd som duger,og dei har inkje skjøn.

29. Var dei vise, fekk dei tak i dette,då visste dei kvar det bar av.

30. Korleis kan ein mann ¬forfylgja tusenog to slå ti tusen på flòg,om ikkje deira berg har selt dei,om ikkje Herren ¬har gjeve dei opp?

31. For deira berg er ikkje som vårt,det kan våre fiendar døma om.

32. Deira vintre er runne ¬av Sodomas vintre,det kjem ¬frå Gomorras vingardar.Druene deira er giftige bærog drueklasane beiske.

33. Vinen deira er ormegift,grufullt ormeeiter.

34. Alt dette er gøymt hjå meg,forsegla i mitt forrådskammer

35. til dagen som kjem ¬med hemn og attergjeld,den tid då foten deira vert ustø.Ja, deira ulukkedag er nær;snart kjem det som ventar dei.

36. Men Herren vil syta forat hans folk får sin rett,og ha medkjensle ¬med sine tenarar;for han ser ¬at deira makt er borte,det er ute både med træl og fri.

37. Så spør han: Kvar er no deira gudar,berget dei leit på,

38. som åt feittet av deira slaktofferog drakk vinen ¬dei ofra som drikkoffer?Lat dei reisa seg og hjelpa dykk,lat dei gje dykk livd og vern!

39. Sjå no, berre eg er Gud,det finst ingen annan gud ¬enn eg.Eg tek liv, og eg gjev liv,eg sårar, og eg lækjer;og ingen kan berga or mi hand.

40. Eg lyfter mi hand ¬mot himmelen og seier:Så sant eg lever evig,

41. når eg kvesser ¬mitt lynande sverdog retter ut mi hand til doms,då tek eg hemn ¬over mine fiendar,gjev mine motstandarar ¬det dei fortener.

42. Eg gjer mine piler ¬drukne av blod,blodet av falne og fangar,og lèt mitt sverd eta kjøt,hovud av fiendens hovdingar.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 32