Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 30:1-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Når alt dette kjem over deg, velsigninga og forbanninga som eg har lagt fram for deg, og du tek det til hjarta ute mellom alle folkeslaga som Herren din Gud har drive deg bort til,

2. og du så vender om til Herren din Gud av heile ditt hjarta og heile din hug og lyder han i alt det eg byd deg i dag, både du og borna dine,

3. då skal Herren din Gud venda lagnaden din og vera miskunnsam mot deg. Atter skal han samla deg frå alle dei folk han har spreitt deg imellom.

4. Om du så er bortdriven til verdsens ende, skal Herren din Gud samla deg og henta deg der.

5. Herren din Gud skal føra deg heim til det landet fedrane dine tok i eige, og du skal vinna det att. Og han skal gjera vel imot deg og gjera deg endå talrikare enn fedrane dine.

6. Då skal Herren din Gud omskjera hjarta ditt og hjarto åt etterkomarane dine, så du elskar Herren din Gud av heile ditt hjarta og heile din hug, og du skal få leva.

7. Men alle desse forbanningane skal Herren din Gud venda mot fiendane dine og mot dei som hatar og forfylgjer deg.

8. Då skal du atter vera lydig mot Herren og halda alle boda hans, som eg gjev deg i dag.

9. Og i alt du tek deg til, skal Herren din Gud gje deg rikeleg av det som godt er, av born og buskap og grøde på jorda. For endå ein gong skal Herren gleda seg over deg og gjera vel imot deg, liksom han gledde seg over fedrane dine,

10. så sant du lyder Herren din Gud og held boda og føresegnene hans som er skrivne i denne lovboka, og så sant du vender om til Herren din Gud av heile ditt hjarta og heile din hug.

11. Desse boda som eg gjev deg i dag, er ikkje for vanskelege eller for langt borte for deg.

12. Dei er ikkje i himmelen, så du må seia: «Kven vil fara opp til himmelen for oss og henta dei ned, så vi kan høyra dei og leva etter dei?»

13. Dei er heller ikkje på hi sida av havet, så du må seia: «Kven vil fara over havet for oss og henta dei, så vi kan høyra dei og leva etter dei?»

Les hele kapitlet 5. Mosebok 30