Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 3:22-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

22. Ver ikkje redd dei! For Herren dykkar Gud vil sjølv strida for dykk.»

23. Den gongen bad eg inderleg til Herren:

24. «Herre vår Gud, frå fyrste stund har du late tenaren din sjå ditt velde og di sterke hand. Kvar finst det ein gud i himmelen eller på jorda som kan gjera slike gjerningar og storverk som du?

25. Lat meg få koma over og sjå det gode landet på hi sida av Jordan, dette fagre fjell-landet og Libanon!»

26. Men Herren var harm på meg for dykkar skuld og ville ikkje høyra på meg. «Det er nok,» sa han. «Tal ikkje til meg om dette meir!

27. Gå opp på toppen av Pisga-fjellet og vend augo dine mot vest og nord og sør og aust og sjå deg ikring! For du skal aldri koma over Jordan.

28. Gjev oppdraget til Josva og gjer han djerv og sterk! For han skal føra dette folket over og hjelpa dei til å vinna det landet som du no får sjå.»

29. Så gav vi oss til der i dalen, midt for Bet-Peor.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 3