Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 3:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så tok vi ei anna lei og fór oppover på vegen til Basan. Ved Edre’i kom Og, kongen i Basan, med heile hæren sin og ville strida mot oss.

2. Men Herren sa til meg: «Ver ikkje redd han! Eg gjev både han og heile hæren hans og landet hans i dine hender. Du skal gjera med han som du gjorde med amorittkongen Sihon, som budde i Hesjbon.»

3. Så gav Herren vår Gud Og, kongen i Basan, og heile hæren hans i våre hender. Vi hogg dei ned; ingen vart att, og ingen slapp unna.

4. Den gongen tok vi alle byane hans; det fanst ikkje ein by som vi ikkje tok frå dei. Seksti byar var det, heile Argob-landet, riket åt Og i Basan.

5. Alle desse var festningsbyar med høge murar og med portar og bommar. Dessutan tok vi ei stor mengd med landsbyar.

6. Vi bannstøytte dei, som vi hadde gjort med Sihon, kongen i Hesjbon. Kvar einaste by bannstøytte vi, både menn, kvinner og born.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 3