Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 27:1-4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Moses og dei eldste i Israel tala til folket og sa: Akta på alle dei boda eg gjev dykk i dag.

2. Den dagen de går over Jordan og kjem inn i det landet Herren din Gud gjev deg, skal du reisa nokre store steinar og stryka kalk på dei.

3. Når du kjem over, skal du skriva alle boda i denne lova på dei, så du kan få koma inn i det landet Herren din Gud gjev deg, eit land som fløymer med mjølk og honning, så som Herren, dine fedrars Gud, lova deg.

4. Når de kjem over Jordan, skal de reisa desse steinane, så som eg byd dykk i dag, på Ebal-fjellet, og stryka kalk på dei.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 27