Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 26:3-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Der skal du gå fram for den presten som gjer teneste på den tid, og seia: «Eg vitnar i dag for Herren din Gud at eg er komen inn i det landet som Herren med eid lova fedrane våre at han ville gje oss.»

4. Og presten skal ta imot korga og setja henne ned framfor altaret åt Herren din Gud.

5. Framfor Herren din Guds åsyn skal du ta til ords og seia: «Far min var ein omflakkande aramear. Han fór ned til Egypt og heldt til der med ein liten flokk. Der vart han til eit stort og sterkt og talrikt folk.

6. Men egyptarane fór ille med oss og plaga oss og la tungt arbeid på oss.

7. Då ropa vi til Herren, våre fedrars Gud, og Herren høyrde ropa våre og såg til oss i vår naud og møde og trengsle.

8. Og Herren førte oss ut or Egypt med sterk hand og strak arm, med store, skræmelege gjerningar, med teikn og under.

9. Han førte oss til denne staden og gav oss dette landet, eit land som fløymer med mjølk og honning.

10. No kjem eg med fyrstegrøda av det eg har avla på den jord du gav meg, Herre.» Så skal du leggja det ned framfor Herren din Gud, og du skal bøya deg og tilbe han.

11. Og du skal gleda deg over alt det gode som Herren din Gud har gjeve deg og huset ditt, både du og levittane og innflyttarane som bur hjå deg.

12. Når du tredje kvart år, i tiendeåret, gjev tiend av alt det du har avla, skal du gje det til levittane, innflyttarane, dei farlause og enkjene, så dei kan eta seg mette i byane dine.

13. Når du det har gjort, skal du stiga fram for Herren din Gud og seia: «No har eg bore det heilage ut or huset og gjeve det til levittane, innflyttarane, dei farlause og enkjene, heilt og fullt som du har sagt meg. Eg har ikkje brote eller gløymt noko av boda dine.

14. Eg har ikkje ete av tienda medan eg hadde sorg; eg har ikkje bore bort noko av henne medan eg var urein, og ikkje gjeve noko til dei døde. Eg har vore lydig mot Herren min Gud og gjort alt det du har sagt meg.

15. Sjå no ned frå din heilage bustad, frå himmelen, og velsigna Israel, folket ditt, og det landet du har gjeve oss, så som du med eid lova fedrane våre, eit land som fløymer med mjølk og honning.»

Les hele kapitlet 5. Mosebok 26