Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 26:13-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Når du det har gjort, skal du stiga fram for Herren din Gud og seia: «No har eg bore det heilage ut or huset og gjeve det til levittane, innflyttarane, dei farlause og enkjene, heilt og fullt som du har sagt meg. Eg har ikkje brote eller gløymt noko av boda dine.

14. Eg har ikkje ete av tienda medan eg hadde sorg; eg har ikkje bore bort noko av henne medan eg var urein, og ikkje gjeve noko til dei døde. Eg har vore lydig mot Herren min Gud og gjort alt det du har sagt meg.

15. Sjå no ned frå din heilage bustad, frå himmelen, og velsigna Israel, folket ditt, og det landet du har gjeve oss, så som du med eid lova fedrane våre, eit land som fløymer med mjølk og honning.»

16. Denne dagen byd Herren din Gud deg å halda desse føresegnene og boda. Så legg då vinn på å leva etter dei av heile ditt hjarta og heile din hug!

17. I dag har du fått stadfest av Herren at han vil vera din Gud. Han har sagt at du skal gå på hans vegar, halda hans føresegner, bod og domar og lyda han.

18. Samstundes har Herren late deg stadfesta at du vil vera hans eige folk, så som han har sagt deg, og at du vil halda alle hans bod.

19. Han vil setja deg høgt over alle folk han har skapt, til pris og ære og prydnad, og du skal vera eit heilagt folk for Herren din Gud, som han har sagt.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 26