Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 22:12-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Du skal setja duskar i dei fire snippane på kappa som du sveiper deg i.

13. Når ein mann tek seg ei kone og kjem saman med henne, men sidan får uvilje mot henne

14. og skuldar henne for skamlege ting, set ut vondt ord om henne og seier: «Eg gifte meg med denne kvinna, men då eg kom saman med henne, skjøna eg at ho ikkje var møy»,

15. då skal far og mor til jenta ta teiknet på at ho var møy, og ha det med til dei eldste ved byporten.

16. Og faren skal seia til dei eldste: «Eg lét denne mannen få dotter mi til kone, men no har han fått uvilje mot henne.

17. Han kjem med skuldingar mot henne og seier at han ikkje fann noko teikn på at dotter mi var møy. Men her er møydomsteiknet hennar!» Dermed skal dei breia ut kledet for dei eldste i byen.

18. Då skal dei eldste ta mannen og straffa han.

19. Dei skal døma han til ei bot på hundre sekel sølv og gje dei til far åt jenta, fordi mannen har sett ut vondt ord om ei møy i Israel. Ho skal vera kona hans, og han må ikkje skilja seg frå henne så lenge han lever.

20. Men er skuldinga sann, finst det ikkje teikn på at jenta var møy,

21. så skal dei føra henne bort åt døra til farshuset hennar, og mennene i byen skal steina henne i hel. For ho har gjort ei skamlaus gjerning i Israel og drive utukt i huset åt far sin. Såleis skal du rydja ut det vonde hjå deg.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 22