Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 22:1-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Når du ser at oksen eller sauen åt landsmannen din har gått seg vill, må du ikkje la vera å hjelpa, men føra dyret attende til eigaren.

2. Dersom han ikkje bur i grannelaget, eller du ikkje veit kven det er, skal du ta dyret heim til deg og ha det der til dess landsmannen din kjem og spør etter det. Då skal du la han få det att.

3. Det same skal du gjera når du finn eit esel, ei kappe eller kva det så måtte vera som har kome bort for landsmannen din; du må ikkje la vera å hjelpa.

4. Når du ser at eselet eller oksen åt landsmannen din fell over ende på vegen, må du ikkje dra deg unna, men hjelpa han med å reisa opp dyret.

5. Ei kvinne skal ikkje bera mannsklede, og ein mann skal ikkje gå i kvinneklede. For Herren din Gud styggjest ved kvar den som gjer det.

6. Når du går på ein veg og kjem over eit fuglereir i eit tre eller på bakken, og det er ungar eller egg i det, og mora ligg på ungane eller egga, då skal du ikkje ta både mora og ungane.

7. Lat mora flyga, men ungane kan du ta. Så skal det gå deg vel, og du skal få leva lenge.

8. Når du byggjer deg nytt hus, skal du laga rekkverk på taket. Elles kunne einkvan detta ned, og då kom du til å føra blodskuld over huset ditt.

9. Du skal ikkje så noko i vingarden din. Elles vil alt gå til heilagdomen, både avlinga av det du har sått, og frukta frå vingarden.

10. Du skal ikkje pløya med okse og esel saman.

11. Du skal ikkje gå i klede som er vovne av to slag vyrke, ull og lin.

12. Du skal setja duskar i dei fire snippane på kappa som du sveiper deg i.

13. Når ein mann tek seg ei kone og kjem saman med henne, men sidan får uvilje mot henne

14. og skuldar henne for skamlege ting, set ut vondt ord om henne og seier: «Eg gifte meg med denne kvinna, men då eg kom saman med henne, skjøna eg at ho ikkje var møy»,

15. då skal far og mor til jenta ta teiknet på at ho var møy, og ha det med til dei eldste ved byporten.

16. Og faren skal seia til dei eldste: «Eg lét denne mannen få dotter mi til kone, men no har han fått uvilje mot henne.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 22