Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 21:14-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Men syner det seg så at du ikkje likar henne lenger, skal du la henne gå kvar ho vil. Du må ikkje selja henne for pengar og ikkje fara stygt med henne, sidan du har fått din vilje med henne.

15. Det kan henda at ein mann har to koner, ei som han elskar, og ei som han ikkje bryr seg om, og at han får søner med begge to, men den eldste er son til den han ikkje held av.

16. Når den tid kjem at han skal skifta det han eig, mellom sønene sine, må han ikkje gje son til den kona han elskar, dei rettar ein odelsgut har, til skade for den eldste som er son til den kona han ikkje bryr seg om.

17. Han skal kjennast ved den eldste, som er son til den kona han ikkje held av, og gje han dobbel arvelut av alt det han eig. For han er den fyrste frukt av hans manndom, og odelsretten høyrer han til.

18. Når ein mann har ein ustyrleg og trassig son, som ikkje vil høyra på far sin og mor si, og ikkje vil lyda dei endå dei tuktar han,

19. då skal foreldra ta han med seg til byporten, til dei eldste der i byen,

20. og seia til dei: «Denne sonen vår er ustyrleg og trassig og vil ikkje lyda oss. Øydslesam og drikkekjær er han òg.»

Les hele kapitlet 5. Mosebok 21