Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 20:13-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Og når Herren din Gud gjev han i dine hender, skal du hogga ned alle mennene der med sverd.

14. Men kvinnene, borna og husdyra og alt anna hærfang i byen kan du ta med deg. Du kan gjera deg nytte av dette hærfanget som Herren din Gud lèt deg ta frå fiendane dine.

15. Såleis skal du fara fram i alle byane som ligg langt borte frå deg og ikkje høyrer folka her til.

16. Men i dei byane som høyrer desse folka til, og som Herren din Gud gjev deg til odel og eige, der skal du ikkje spara eit einaste liv.

17. Du skal bannstøyta dei, både hetittane, amorittane, kanaanearane, perisittane, hevittane og jebusittane, så som Herren din Gud har sagt deg.

18. Elles kunne dei læra dykk å ta etter alt det stygge dei sjølve har gjort for gudane sine, så de syndar mot Herren dykkar Gud.

19. Når du strider mot ein by og må halda han kringsett i lang tid før du kan ta han, skal du ikkje bruka øks på trea der og øydeleggja dei. Du kan eta av dei, men du må ikkje hogga dei ned. Trea på marka er då ikkje menneske, så du skulle ta på dei òg.

20. Men tre som du veit ikkje ber etande frukt, kan du øydeleggja. Dei kan du hogga ned og bruka til å byggja bolverk mot den byen du strider mot, til han fell.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 20